Nisje Logo
Illustrasjon av Emma Krokeide

Byggvandring – på nye sko igjennom gamle Trondheim

"Trondheim har mange ulike bygg med spennande utformingar og uttrykk. Berre ein kort tur gjennom byen er både ei reise i stil og tid. På denne turen skriv eg om bygga eg likte best og ei kort formell analyse av dei."

Då eg flytta til Trondheim som student, og var ukjend i byen, var det spennande å sjå seg rundt. Eg syntest at Trondheim var ein nydeleg by, men sentrum forvirra meg med alle dei parallelle gatene. Eg fann etter kvart fram i byen – med hjelp frå google maps sjølvsagd. Semesteret starta opp og i førelesingane på kunsthistorie lærte vi blant anna om både arkitektoniske trekk og korleis ein kunne analysere bygg, noko som gjorde slik at turane mine i byen vart nyttig øving i aktiv sjåing og repetisjon av omgrepa vi lærte. Med eit løfta blikk og nye omgrep gjekk eg på ein byvandring for å sjå på nokre av favorittbygga mine i Trondheim.

Nokre omgrep som er nyttige å kunne: gesims, søyle og søyleordenane, rustikk, lanterne, kuppel,segment, gavl, kapitel, pediment, relief og karyatide. I kva grad man er kjend med desse omgrepa er ikkje så viktig, det viktigaste er å prøve å ta eit ekstra blikk på bygga og leite etter detaljar som ein ikkje har lagt merke til før.

Mange av bygga eg har skrive om er jugendbygg. Korleis ein finn ut om det er jugendbygg er anten ved å finne kjelder eller å analysere bygget, førstnemnte er den nøyaktigaste måten. Ein kan vite at det er jugendstil ved å finne ut kven som var arkitekten og kva år det vart bygd i, jugendstilen varte frå omkring 1900 til 1920. Det er ikkje ein sjølvfølgje at eit bygg frå denne tida er i jugendstil, men om ein kjenner til kjenneteikna i tillegg kan ein med stor sannsynlegheit seie om det er jugendstil eller ikkje. Nokre kjenneteikn innan jugendstilarkitektur er usymmetri, krysspostvindauge og stilisert flora som motiv for utsmykking. Eit jugendbygg treng ikkje å inneholde alle dei karakteristiske trekka for å verte identifisert som jugendstil. Å bygge i jugendstil var dyrt, og derfor finst det mange bygg som fekk ein meir diskre utforming.

Turen min byrja på Olav Tryggvasons gate 4. Eit bygg i jugendstil frå 1908 teikna av arkitekten Hagbarth Schytte-Berg, som idag er lokale til butikken Alvar & Maija AS. Bygget fekk ein metallfasade som skulle skjule fasaden som var i jugendstil då det ikkje lenger var i mote. Metallfasaden vart fjerna under restaurering i 1990-talet, og då kom jugendstilfasaden fram igjen.1 Bygget har fem etasjer, med eit tydeleg skilje mellom første og andre etasje. Bygget har no fått moderne vindauge i nedste etasje, men elles er dei gamle jugendstil vindauga bevart, kryssportvindauge. Bygget har eit midtparti som strekk seg frå inngangen oppover mot den øvste etasjen. Øvst på dette midtpartiet er det pilaster som “støttar”, har ikkje berande funksjon, opp ein segmentgavl. Det er pilaster som strekk seg over tre etasjer med blomstermotiv i kapitela, og som har abstrakte søyleskaft. Under vindauga på begge side er det relieff, under dei øvste vindauga er det ein krans av planter, og under dei midtre er det løvehovud. Eg gjekk vidare forbi Burger King og såg over bilkrysset på bygget på Olav Tryggvasons 14. Det er eit nydeleg bygg frå 1896-982 kjend som Matheson-garden, idag er det butikkar i lokalet blant anna Retro AS. Arkitekten bak bygget er Karl Norum, ein av dei største norske jugenarkitetane.3 Sjølve bygget har ein raud fasade som er broten opp av kvite pilaster og vindauge. Bygget har ein grøn kuppel og lanterne. Under kuppelen kan ein sjå ein gul detalj, det er initialane til kjøpmannen som bestilte bygget, Jacob Matheson. Bygget er plassert i eit kryss, med hovuddelen i midten og sider som spring ut langs gata slik at bygget får ein slags L-form ovanfrå. Noken av mine favoritt detaljar med bygget er pedimenta over inngangane i første etasje, som har eit relieff av to slangar rundt eit slags septer under seg, eit caduceus eller merkustav motiv, som er kjend som symbol for medisin og handel.4

dsc00518.png Foto av Emma Krokeide

Vegen vidare går sørover via Søndre gate, og vi tek turen innom “Postgården” og Britannia Hotel. “Postgården”, som no er lokalet til Rosenborg Reklame AS og har adresse Dronningens gate 10. “Postgården” er eit jugendbygg frå 1911 teikna av arkitekten Karl Norum, same som var arkitekt for Matheson-garden.5 Bygget har fasade med kombinert materiale, rustikt naturstein og grøn murpuss. Fasaden er usymmetrisk, med tårn på hjørnet og sterkt vektlagd inngangsparti. Leik i fasaden med bak- og framskyvingar kan minne om eigenskapane til eine materialet som er brukt, naturstein, som naturleg får eit volum og skuggespel. Vindauga bytta og på å vere firkanta og avrunda, og det er mange store vindauge som opnar bygget. På inngangspartiet er det ulike motiv hogd ut i natursteinen, to due-motiv på kvar side av inngangsportalen og over portalen er den norske løve høgd inn i steinen. På veggen heng lykter som er drakar lagd av metall med krone på. Det eg likar best med bygget er at dersom vi ser oppover fasaden kan vi sjå merkelige ansikt som ser ned på oss, til dømes eit over klokka øvst på bygget.

På andre sida av gata ser vi eit anna bygg av same arkitekt, Britannia Hotel, eit bygg frå 1870 som vart renovert frå 2015 til 2019.6 Britannia Hotel har ein kvit fasade av to ulike nyansar, ein som er gulaktig og andre grå. Den gråe kvitfargen er berre brukt på ornament og dekorasjon, til dømes relieffa i pedimenta. Elles er hovudfargen på bygget den varme kvitfargen. Bygget er nesten symmetrisk, med små forskjellar i korleis vindauga er sett saman og at eine sida har ein breiare frontal, men sidespranga er symmetriske. Den sentrale delen av bygget består av to balkongar mot gata, i tillegg til ein kuppel på taket med okulusvinauge. Eg elskar å gå forbi Britannia Hotel både på grunn av det fine bygget, men og fordi ved inngangen på hotellet er det ein raud laupar og ein dørmann med flosshatt. Eg vert ofte bekymra når dei står ute og eg skal gå forbi om dei trur at eg skal inn på hotellet eller om at eg skal prøve å snike meg inn.

dsc00532.png Foto av Emma Krokeide

Eg går deretter tilbake der eg kom ifrå og fortsett same veg vidare langs Søndre gate, heilt til eg kjem til Kunsthall Trondheim – gjerne ta turen innom dersom det er opent – men eg ser mot bygget på andre sida, ein heilt annan stil enn dei vi tidlegare har sett på. Bygget på Søndre gate 4, der Sparebanken 1 SMN held til, er eit moderne bygg frå 2010, som består av geometriske formar og volum og brukar ulike materiale, noko som gir bygget eit spesielt uttrykk. Eit av måla ein hadde då det nye kontoret til banken vart bygd var at det skulle leggje til rette for at både kunst og ruinar skulle verte tilgjengeleg. Ruinen som ligg under kyrkje er frå omkring 1160-talet og som først vart funne fram att på 1970-talet.7 Banken vert derfor eit møte mellom gamal og ny arkitektur.

Eg forsett sør mot Nidarosdomen og går forbi “Thomas Angels Hus”, som er eit lysegult bygningskompleks på Bispegata 4.8 Komplekset har verka som utleigeleiligheiter reservert for dei eldre, og dei som fekk plass på “Thomas Angels Hus” frå 1772 til 1970 fekk bu gratis, men med heil- og halvplassar innført frå omkring 1900.9 Eg skulle gjerne budd gratis der som pensjonist. Vi kan sjå sør-fasaden frå Bispegata, inngangen er nydeleg dekorert med relieff og doble pilaster opp kvar etasje, som er ulike i kvar. I første etasje er dei nesten abstrakte doriske, så i andre ioniske pilaster og til slutt to karyatider på kvar side. Bygget er symmetrisk, med inngangen plassert i midtpartiet som er er kransa av ein segmentgavl, med voluttar på kvar side. Eit motiv som går opp att på fasaden er skjell, kor mange kan du få auge på?

dsc00580.png Foto av Emma Krokeide

Eg fortsett langs Nidarosdomen og når eg kjem fram til Prinsens gate følgjer eg den mot sentrum. På veg mot sentrum går eg forbi Prinsens gate 8, ein bunadbutikk. Fasaden til bygget er pent dekorert så eg stoppar opp for å beundre. Bygget er skilja av ein gesims i ein tydeleg under- og overetasje, som er dekorert med organiske motiv. Rundt vindauga er det relief av konglar, blomar og band. Fasaden er usymmetrisk bygd opp, og vertikalt delt inn av fem pilaster, som alle er dekorerte, men to av dei dekorert med “masker”. Det er “maskene” eg syns er mest interessante med sine intense grimasar og holrom som auge.

Eg går vidare og sving inn ved torget. Der stiller eg meg foran Munkegata 26, eit bygg frå 1914. Bygget er symmetrisk med to delar som er skyvd ut. Mellom desse er det ein balkong som går over inngangsdørene. Balkongen i andre etasje har smijernsrekkverk og fire dører, som har ein nydeleg form og flotte boga krysspostvinduer. I første etasje har vi vindauge og to dører som har ulike diamant- eller krysspostvindauge. Fasaden har ein lys beigefarge og ein raud murstein, og når desse kontrasterast mot kvarandre skapast djupn slik at det lyse beigemurpusset ser ut til å bli framskyvd. Det står pilaster med dekorerte kapitel som går over tre etasjer og gir eit vertikalt uttrykk. I tillegg til sjølve bygget er det trappar som leiar opp mot inngangen, og i byrjinga av trappa er ein fontene av ein fugl i metall.

dsc00669.png Foto av Emma Krokeide

Vidare forbi Stiftsgården gjekk eg til Nordre gate 8 der eit jugendbygg står. For mange gjerne kjend som “Cafe Erichsen”, spesielt for dei som vaks opp i Trondheim og rakk å besøke kafeen før 2007 då kafeen la ned etter 151 år. “Cafe Erichsen” hadde ikkje alltid lokale i Norde gate 8, men vart kjøpt opp i 1912, renovert og opna i 1914 og sidan benytta Nordre gate som lokale.10 Fasaden er for det meste bevart, men vindauga og inngangsdøra i første og andre etasje er bytta ut med vindauge i meir moderne stil. Dersom ein har lyst å sjå korleis desse vindauga såg ut kan ein gå til Stiftsgårdsparken for å sjå baksida av bygget. Her er dei framleis bevart. På framsida står to balkongar vertikalt over kvarandre med ein gavl øvst som kroner bygget. Forma til gavlen går opp att over vindauga i tredje etasje. Vindauga i tredje og fjerde etasje er alle krysspostvindauge, men vindauga i fjerde har fått eit diagonale kryss. På venstre side av fasaden er det ein inngang der ein har fått inn ein moderne glassdør og over døra står initialene “EE” i gull, og desse står truleg for Ernst Erichsen, grunnleggjaren av “Cafe Erichsen”.

“Cafe Erichsen” vart det siste eg såg på før eg drog heim, med gnagsår av dei nye skoa. Dette vert ikkje siste gongen eg skal gå på byvandring. Det finst framleis meir å oppdage og kunst som ein berre kan nyte dersom ein er bevisst på å løfte blikket.

Noter

  1. E. C. Dahls eiendom. «Olav Tryggvasons gate 2B/4.» 19.09.2022. https://ecde.no/eiendom/olav-tryggvasons-gate-2b4

  2. E. C. Dahls eiendom. «Olav Tryggvasons gate 14.» 19.09.2022. https://ecde.no/eiendom/olav-tryggvasons-gate-14

  3. Maliks, Leif: Karl Norum i Norsk biografisk leksikon på snl.no. Henta 19.09.2022 frå https://nbl.snl.no/Karl_Norum

  4. Caduceus i Store norske leksikon på snl.no. Henta 19.09.2022 frå https://snl.no/caduceus

  5. E. C. Dahls eiendom. «Dronningens gate 10.» 19.09.2022. https://ecde.no/eiendom/dronningens-gate-10

  6. Britannia Hotel. «The Collector: Britannia 150 år» 19.09.2022. https://britannia.no/collector/britannia-hotel-150-ar

  7. Sparebank 1 Smn. «En bank på historisk grunn» 19.09.2022. https://www.sparebank1.no/nb/smn/om-oss/om-banken/kunst-og-historie-i-banken/en-bank-pa-historisk-grunn.html

  8. Rosvold, Knut A.: Thomas Angells hus i Store norske leksikon på snl.no. Henta 19.09.2022 frå https://snl.no/Thomas_Angells_hus

  9. Thomas Angels Stiftelser. «Thomas Angels Hus» 19.09.2022. https://thomasangell.no/leiligheter/thomas-angells-hus/

  10. Wikipedia. «Erichsens konditori» 19.09.2022. https://no.wikipedia.org/wiki/Erichsens_konditori